torsdag 7. oktober 2010

Historia om Glenn Anton
Av Anders S


Tittel: Historia om Glenn Anton
Gitt ut: 1997
Forfattar: Thor Soltvedt
Sjanger: Roman
Sidetal: 195

Forfattaren:


Forfattaren Thor Soltvedt er født 17. november 1955. Han er lektor og ungdomsbokforfattar, og er busatt i Rådal i Bergen. Historia om Glenn Anton er ei av dei ni bøkene han har skrevet. Boka blei publisert i 1997, det er ei sjønnlitterær bok på 195 sider.

Ei skildring av hovudpersonen:


Glenn Anton Andreassen sit i fengsel. Der har han vore sidan han brann ned garderoben på skulen. Han har fått låna ein PC. Det var Tore, den eine fangevoktaren som fiksa det. Glenn Anton har skreve på historia si kvar kveld no, i eit halvt år. Om då han skulle byrja på yrkjesskulen, på byggfag.

Glenn Antons familietilhøve:

Glenn Anton bur saman med faren sin. Dei har ikkje særleg god kjemi saman. Glenn Anton er heller ikkje sikker på kvar mora er. Han har ikkje sett ho på lenge.

Samandrag av handlinga:

Det heile starta ein morgon i august. Fyrste dagen på yrkjesskulen. Glenn Anton var på veg til skulen. Minde- bussen stoppa utanfor skulen. Han var litt sein på grunn av morgonrushet. Etter litt leiting fann Glenn Anton endeleg fram til aulaen, der dei skulle møte.

Då han kom fram til aulaen, såg han på klokka. Femten minutt for sein, fyrste dagen på yrkjesskulen, byggfag grunnkurs. Aulaen var nymalt i raude og gule fargar. Det stinka av malinglukt. Det kjempestore rommet likna ein møtesal. Det sat ein haug med ungdomar på golvet, og høyrde på rektor og han eine inspektøren, som sto og las opp ein haug med namn. Klasse etter klasse dilta ut frå aulaen. Plutseleg høyrde Glenn Anton at namnet hans vart ropt opp.
”Her bbb…borte,” stamma han høgt. Folk byrja og le. Han forsto kvifor, og vart raud som ei tomat i trynet.

Tømrarverkstaden låg i andre etasje, rett ved biblioteket. Det var som han hadde førestilt seg. Det var høgt under taket, så høgt at dei hadde bygd eit lite klasserom, ein halv etasje opp frå golvet. Leraren Bjarne Sagedal smilte, og sa at dei kalla buret for jomfruburet.
Glenn Anton syntest at verkstaden likna på ein forvokst sløgd sal. Med fleire gamle høvelbenker, verkty og ei stor sirkelsag, som sto midt på golvet.

Tømrar fram til jul, murar resten av året. Dette fekk Glenn Anton reie på neste dag. Han vart sur. Rådgjevaren på ungdomsskulen hadde ikkje nemnd éit ord om muring. Utpå hausten melde Sissel, ei av dei få jentene i klassen, seg inn i aksjonsgruppa ”Nei til atomkraft”. Ho ville ha Glenn Anton med seg. Han slo til med ein gong. Wæren, ein stor slugge frå Radøy, med fregner og raudt hår, og Babuen, ein innvandrar frå Ghana vart òg med.

Glenn Anton fekk ein invitasjon han ikkje kunne motstå. Det sto skrevet på den kvite dodøra. Det var på vegne av yrkjesskulens ”Anonyme graffiti og hærverksforeining”. Dei beste bidraga vart premiert. Han klarte ikkje å halde seg. Han tok opp ein raud sprittusj og skreiv fylgjande:
”Jenter er dei beste murarane, dei berre rører ved steinane, så reiser heile peisen seg.”
Han lo for seg sjølv, då han så kva han hadde skreve.

Ein dag fekk han høyre at Rema 1000 hadde politianmeldt nokon i klassa for tjuveri av ein lighter, ei pakke med tobakk og to firkløverar. Sagen var rasande, men mest skuffa, sa han. Glenn Anton visste kven det var, men han sa det sjølvsagt ikkje.

Ein dag sa Sagen at heile klassa måtte ha klassemøte ein gong i månaden. Det var ikkje så viktig at Sagen var til stades, så han gjekk for å laga nypete på den gamle kaffetraktaren. Kva dei skulle gjera med murarane, og G.U.F.F. var nokre av punkta som sto på lappen. Andsynes murerproblemet meinte Gøran at murarane måtte bankast opp snarast mogleg. Alle dei andre, unntatt Sissel, meinte at dei skulle vente litt, for så å slå til på ein skinnsjuk utspekulert måte, som ikkje naudsynlegvis måtte innehalda voldsbruk. Sissel meinte at vi burde slå frå oss hevneaksjonen, og heller berre snakke med murarane. Dette forslaget vart fort nedstemt.
G.U.F.F. sto for Gutar Utan Fast Fitte. Sissel syntest dette berre var teit og barnsleg. Gutteklubben G.U.F.F. vart straks oppretta. Forkortinga G.U.F.F. vart malt bak på kjeledressane. Etter pausen kom Espen og Trond Fredrikken attende med G.U.F.F. målt med store gule bokstavar bak på dei blå kjeladressane. Sagen lurte på kva det tydde. ”Greie, Unge og Flinke Fjols,” sa Espen. Glenn Anton og resten av gjengen lo så dei fekk vondt i magen.
Sagen såg litt rart på dei og lurte på kva dei lo av.

Klassa hadde og oppretta eit eige tippelag, der alle kunne bidra med 10 kr kvar veke. Så skulle dei dela potten likt, viss nokon vann.

Ein dag måtte Sagen ut for å gjera nokre ærend i banken. Han skulle vera attende om dryge femten minutt. Det siste han sa før han gjekk var ”Rør for all del ikkje sirkelsaga eller dei andre maskinene. Du, Glenn Anton har ansvaret ”

Då Sagen hadde gått ville Espen prøve sirkelsaga. Glenn Anton prøvde å stoppe han, men Espen høyrde ikkje på han. Espen romsterte med nokre knappar og fekk starta saga til slutt. Kva som skjedde der ifrå, til han skreik som eit såra dyr, hugsa Glenn Anton ikkje. Då han snudde seg fossa det blodet frå handa til Espen, ned på golvet. Blodet blanda seg med sagmugg, det vart ein raudgul blanding. KGB’en fekk stoppa saga men blodet fossa framleis frå den djupe revna, som gjekk gjennom tommelen og peikefingeren. Dei lurte på om han hadde kutta pulsåra. Så kom Babuen. Han fekk tak i førstehjelps saker og satte i gang ein redningsaksjon. Han stoppa blodet. Så sprang han bort til telefonen og ringde til legevakta utan å slå opp i telefonkatalogen. Dei andre var i koma og i sjokk og beundring over Babuen.

Så kom Sagen inn. Glenn Anton trudde han skulle besvime. Då Sagen hadde fått fatningen igjen, forklara Sissel kva som hadde hendt. Ein ambulanse kom og henta Espen. Sagen sa at vi ikkje måtte seie det til nokon, det som hende med Espen. Fekk nokon annan veta det, mista han truleg jobben. Viss Glenn Anton og resten av klassa kunne halde dette hemmeleg skulle Sagen gjere alt for klassa resten av året. Sagen var heilt på gråten. Alle i klassa skulle greie og halde på løyndomen. Så ringte telefonen, det gjekk bra med Espen. Pulsåren var ikkje kutta.

Dagen før haustferien feira Glenn Anton med eit lite bål i papirbosset i kantina. Det fekk kort levetid då inspektør Snusen kom springande med brannslukningsapparatet.
Straffa: at kantina vart stengt heile neste veke. Det var OK for Glenn Anton, for han, og resten av skulen hadde haustferie den veka.

Babuen hadde tydelegvis ikkje oppholdstillatelse i Noreg, så politiet kom ein dag på skulen. Det var eit par menn i dressar, sånn som dei hadde i X-file. Babuen greidde å stikka av. Klassa sat og storkoste seg, medan dei las i Bergens Tidene, ”Ghaneser stakk av frå politiet på yrkjesskulen”

Så var tømreropplæringa slutt. Sagen kom inn med terminkarakterane. Glenn Anton telde litt på karakterane, og fann ut at han hadde éit snitt på over to, så han var nøgd.

Glenn Anton byrja no på murarutdanning. Muraryrket var kjekkare enn han hadde forventa. Dei fekk Pipen som lærer. Ganske grei lærar syntes han.

Dei hadde hatt gym med tømrarane ein dag. Tømrarane var allereie nede i garderoben og dusja. Då Glenn Anton og dei andre murearne kom ned kjende dei ein sterk pisselukt. Rogeren la merke til at fem eller seks av gummistøvlane som tilhøyrde nokre av murarane, var fulle av piss. Gøran hadde fått støvlane sine fylla opp. Han vart heilt hysterisk. Gøran, Narven, Espen og Trond Fredrikken tok nokre støvlar kvar, og heiv det ut i trynet til tømrarane. Det vart eit sjukt spetakkel. Glenn Anton og resten av murarane skrudde av ljoset og sprang ut av garderoben. Tømrarane brølte og banka på døra, som om dei var innestengt i eit gasskammer frå 2. verdskrig. Etter denne hendinga hadde murarane og tømrarane gym kver for seg.


Ein dag fekk Glenn Anton ei trist melding, faren hans hadde prøvd å ta livet av seg. Glenn Anton fekk fri frå skulen éit par dagar for å vera med faren på sjukehuset. Faren låg på sjukehus i fleire dagar. Opphaldet på sjukehuset styrka bandet mellom Glenn Anton og faren.

Ei helg i mars fekk Glenn Anton éit kjempesjokk. Tippelaget han vart med i hadde tolv rette, 180633 kroner delt på tre, det vart 60211 på kvar. Helgen, Tassen og Glenn Anton hadde vunne. Dei avgjorde seg for å ta med klassa på tur til London. Tømrarane var grøne av misunnelse då dei fekk høyra det.

I London hende det mykje. Dei var der i ei veke. Mesteparten av tida gjekk på festing og drikking. Dei var òg på fleire muséer, og såg fleire fotballkampar.

Den fyrste fredagen i mai, halv fire slo dei til. Murarane skulle endeleg hevne seg over tømrarane. Glenn Anton og Tassen vart samd om det. Klokka vart halv fire, Glenn Anton og Tassen gjekk ned i tømrarane sin garderobe og fann fram sprayboksane. Dei spraya heile garderoben full av graffiti. Glenn Anton tok opp ein termos full av bensin og helde det ut i heile garderoben. ”Er du ikkje riktig klok?” ropte Tassen. Han var heilt sjokkert.

Glenn Anton tende på og sprang ut. Det var ei herleg kjensle. På nokre sekund brann heile garderoben. Brannalarmen gjekk, Glenn Anton brydde seg ikkje. Han tok bussen heim. Politiet kom og henta han i seks-tida. Glenn Anton skreiv ein lapp til faren, på lappen sto det:
Politiet kom og henta meg klokka seks, eg har svidd av tømrarverkstaden. Ser deg seinare. God bedring pappa. Eg er glad i deg.
Helsing Glenn.

Oppbygginga til teksten

Eg synest at teksten er skreve på ein flott måte. Det at forfattaren skriv dialekt gjer boka ekstra morsom. I byrjinga av boka sit Glenn Anton i fengsel. I og med at vi ikkje får vita kvifor han sit i fengsel gjer boka meir spennande. Eg ynskjer å veta meir om han, og bli betre kjent med han. Boka er også skreven retrospektiv.



Meininga mi om boka

Eg syntest at dette er ei kjempegod bok, vil tilrå han på det sterkaste. Boka er pakka med både humor og spenning. Eg vart kjent med mange personlegheiter. Noko av det kjekkaste var all graffitien som vart skrevet.